Attende

- alltid på veg!   

KNUT IVAR BØE,

frå Vaksvik, er ein velkjend trekkspelar frå plater, radio og TV i Skandinavia dei siste femten åra. Han underviser privat og i musikkskule, og er mykje nytta som studiomusikar, samt til seminar og dommar-oppgåver. Knut Ivar har lang erfaring frå teater, cabaret, kyrkje­konsertar, dansemusikk og samarbeid med kor, korps og band. Han har vore heiltids-musikar og ferdamann dei siste åra og har turnert både i USA og i Europa.

Han nådde eit nytt publikum med sin fyrste solo-CD i 1994,  "Ferdamann", som har selt bra og vore flittig spela i radio. Saman med Catriona McDonald og seinare Tone Fedt, har han halde ei mengd rikskonsertar siste åra, og har fått fleire prisar og stipend for sin spelemåte.

 

 

   

INGUNN LINGE VALDAL, frå Valldal, har spela fele sidan 9-årsalderen, og seinare fått brei folkemusikk-bakgrunn, også frå harding-fele, kveding og dans. Ho var i fleire år leiar for eit spelemannslag, og har gode plasseringar frå kappleikar. Ho har spela i TV­program frå Storfjord-området og er mykje nytta lokalt. Ingunn er utdanna faglærar i folkemusikk frå Raulands-akademiet og underviser privat og i musikkskule. Som Knut Ivar, er ho knytt til Møremusikar-ordninga som frilansar, og saman vil dei vere naturlege støttespelarar til konsertar, seminar, o.l.