Attende

- omtaler:

- alltid på veg!

 

"Folkemusikkduoen, som har opptrådt mykje både i inn og utland, imponerte med sine versjonar av slåttar, hallingar, marsjar og folkeviser. Den forma for folkemusikk dei utøver er med på å presentere norsk tradisjonsmusikk for eit større publikum enn berre dei som interesserer seg for folkemusikk."

(Smp. 14/5-99)

Folkemusikkduoen Ingunn Linge Valdal frå Valldal og Knut Ivar Bøe frå Vaksvik, hadde sin elddåp i Danmark, gjennom radioutsending frå Haikær-festivalen juni'96.

"For meg har trekkspill og fele vært synonymt med reinlender, polka og vals. Jeg understreker har vært!" (sitat frå fotballgal journalist som gløymde Rosenborg-kampen under ein konsert med Ferdafolk....)

Seinare har dei opptredd på store festivalar i Frankrike, Finland, Sverige, Danmark og på Shetland med sin lokale tradisjonsmusikk frå Storfjord-området, men også avstikkarar i forfedrene sine fotefar til Sverige og dei britiske øyane.

Andre typer oppdrag har vore t.d. på Liseberg (S), teaterframsyningar, og på Landsfestivalen i Ålesund -med "live" musikk til unike dias frå Storfjorden!

I tillegg har dei hatt ulike representasjonsoppdrag, t.d. i Latvia i regi av KS og UD, saman med ei mengd oppdrag på landsmøter og for hotell og næringsliv.

"... ville rockeriff med trekkspelet til Knut Ivar Bøe konkurrerte med fela til Ingunn Linge Valdal. I eit sprudlande og humørfylt potpurri fekk me møte Ferdafolk som dei kallar seg. Glimtet i auga og musikalsk leik med innslag av lyrisk song gjekk rett heim hjå publikum."

(Spelemannsbladet 5/98)

 

I NRK har dei vore profilert i "Folkemusikktimen" (P1 -96), "Kappspell" (NRK-TV -97), og i "Halvbror til reven" på NRK-TO -97.

I mai -98 var duoen Noregs representantar under Euromusica i Hellas, der hovudkonserten vart sendt direkte over satelitt til heile Europa. NRK produserte sitt eige program som vart sendt på NRK-TO og NRK1 i sept. -99.

Saman med folkbandet "Grunnlaget" har dei óg gjort fleire konsertar, bl.a. under hovudfestveka på byjubileet for Ålesund, seinare saman med Fliflet Hamre Energiforsyning, og saman med Tomra Brass:

"Gjennom godt humør og stort overskot imponerte dei to, som dei brukar. Med stor intensitet og aggressivitet, avveksla av vare parti, tok dei tilhøyrarane med på ei reise mellom dei britiske øyane og norske fjordar med musikken som medium. På ein humoristisk måte harselerte dei nærmast med den tradisjonsrike musikkforma. Høgdepunktet vart utvilsomt då Tomra Brass og Ferdafolk urframførte Bøes og Wilbys arrangement av "Synneshallingen" - ei forrykande avslutning! "

 

Ferdafolk har gjort Rikskonsert-turnear på ungdomsskular både i Møre og Romsdal og i Rogaland. Sommaren 2001 var dei Noregs representantar under EBU-festivalen i Ungarn, og litt seinare var det framføring av multimediaforestillinga "In the wake of Cutty Sark" med originalskreven musikk, dans og drama, der Knut Ivar var med og skreiv musikken, i forbindelse med Cutty Sark-seglasen i Ålesund. Same hausten gjorde dei ein 7½ vekers kulturniste-turne for 8100 ungdomsskuleelevar saman med skodespelar Bjørnar Teigen i forestillinga "Vi lever 25 minutter for sent", med tekstar av multikunstnaren Kurt Schwitters.

"Publikum hadde ikkje noko imot å ha det litt moro samstundes som dei lytta til norsk tradisjonsmusikk."

(Smp, 308-99)