- alltid på veg!   
 
     - med fantasi & "fanteri", melodiøst & sprellande, vart & vilt, lokalt & globalt ....  
 
    Ferdafolk har med historier og fantasi funne sin heilt særeigne måte å framføre lokal tradisjonsmusikk på. Med humor, fanteri og kreativitet bles dei livgjevande kraft inn i gamle og gløymde tonar. Med totalt ulik bakgrunn vert musikken deira eit møte mellom det vare og det ville, melodiøse linjer vert utfordra av sprelske og leikande rytmer, og tidlaus tradisjon og vår tids travelheit møtest i ein slags global grunntone.  
 
    - med glimt i auget!  

 

 

INGUNN LINGE VALDAL og KNUT IVAR BØE kjem begge frå Sunnmøre. Dei har funne mykje gammalt slåttestoff frå Storfjord-området som knappast har vore kjend - eller presentert - før det no blir blese liv i det att. Dette er livskraftige tonar; - springarar, bruremarsjar og ville hallingar, bøyer seg ikkje for trend-tvang, sentraliseringspress, eller "bruk og kast" - kulturen.  

Ferdafolk starta i januar 1996, og fekk ein flygande start, med Radioutsending (DR) frå Halkærfestivalen (DK), festivaljobb i Frankrike og seinare 2 turnear i Danmark same sommaren!          For å presentere musikken lokalt, arrangerte dei hausten -96 ein kyrkjekonsertturné langs Storfjorden, med fantastisk respons både frå presse og publikum;   "...her var det ikkje monotoni og trøyttande gjentakingar, men frodige rytmer og harmoniar, som i jazz t.d. - likevel, grunntonen var folkemusikk, - norsk, men melodiøs og pirrande improvisert. Heretter lar vi radioen stå på, også når det blir sendt folkemusikk!..."     

Sidan har dei opptredd på festivalar, konsertar og kulturarrangement i Sverige, Danmark, Finland, Latvia, Hellas, Ungarn, Færøyane og Shetland, - forutan Noreg. Dei har òg fleire radio - og TV-opptak bak seg, både i inn- og utland. I 1997 ga dei ut CD-en "Ferdafolk", med tradisjonsmusikk i hovedsak frå Sunnmøre. I 1998 representerte dei Noreg på "Euromusica" i Hellas, og i 2001 var dei Noregs representantar under EBU-festivalen i Ungarn. Dei siste åra har dei òg turnert for Rikskonsertane både saman og kvar for seg i andre konstellasjonar, og dei er begge knytta til Møremusikarane i Møre og Romsdal som frilansmusikarar. Gjennom denne ordninga blir dei mykje nytta til kursverksemd, samt ulike former for støttespel. Dei er svært mykje brukt som kulturinnslag for hotell og næringsliv, konferansar og landsmøte.

 

c d

 

 

FOR KONSERTAR & KULTURARRANGEMENT:

Kontakt  Ferdafolk -  Knut Ivar Bøe, N-6240  Ørskog

Tel/fax +47 70 27 30 61  Mobil +47 916 30 275,   +47 905 81 156

e-post: knut.ivar@ferdafolk.no

 

c d

³ Høyr Ferdafolk med gjestemusikarar på CD'en "Ferdafolk", HCD 7133.

Du kan óg høyre Knut Ivar Bøe m.a. på "Ferdamann", HCD 7100.

 

     
  Ta deg ein tur til Storfjorden, der gamle fjellgardar klorar seg fast mellom stupande fossar i dei bratte fjellsidene!  
     

 

 

 


 

d c